Jens Stoltenberg leia i går debatten om finansiering på FN-klimatoppmøtet i New York. Stoltenberg understreka ansvaret til dei industrialiserte landa når det gjeld redukjson av klimagassutslepp. Han varsla også om at vi no treng nye tiltak for å oppnå større reduksjonar i utsleppa.
– Vi treng større utsleppsreduksjonar. Noreg går inn for at internasjonal luftfart må med i ein framtidlig klimaavtale. Det betyr at luftfarten må bere kostnaden ved sine klimagassutslepp. Dette kan skje ved at luftfart inkluderast i eit kvotehandelsregime. EU legg opp til å inkludere sin lufttransport i sitt kvotehandelsregime frå 2011. Noreg støttar dette, sa Jens Stoltenberg til møtet.
Regjeringa har allereie lagt opp til klimanøytrale statlege tenestereiser til utlandet, ved å kjøpe kvotar som tilsvarar utsleppa frå desse reisene.
Statsministeren gjekk også gjennom norsk politikk for internasjonalt klimasamarbeid. Han understreka at det no trengst eit forpliktande globalt mål for å klare å redusere utsleppa tilstrekkeleg.
– Eg vil flagge det norske standpunktet om at vi må få til ein ny avtale innanfor ramma av FN, sa Stoltenberg før møtet.
Les heile pressemeldinga her.