Generalsekretæren sin bodskap på verdsdagen for mental helse

Kultur og mangfald verkar inn på fleire sider ved mental helse. For det fyrste avgjer kultur kva som vert sett på som ”normalt” og ”unormalt” i eit gitt samfunn. Kultur påverkar også korleis menneske viser og meddeler symptom, korleis dei utviklar måtar å handtere situasjonen på, kva støtte ein får frå familie og samfunn, samt viljen til å oppsøkje behandling. På same vis vil kulturen til klinikarar og behandlingstilbod påverke det helsetilbodet ein får.

Vi lever i ei kulturelt samanknytt verd. Menneske som tidlegare var skilde av store avstandar, konkurrerar no om dei same ressursane, medan dei kjempar for å halde ved lag eigne kulturar, eller å tilpasse seg nye. Vidt forskjellige språk, religionar og kulturar eksisterar side ved side i same land, nokre gongar i same samfunn. Forflytting frå heimsamfunn, avvising i vertssamfunn og vanskar med å tilpasse seg vertsamfunnet sine normar medfører mykje stress, og kan vere med på å utvikle psykiske problem hjå dei som er sårbare.

Korleis kan vi overvinne barrierane kulturelle skilnader fører med seg? Vi er nøydde til å ta i bruk tilnærmingar som tek omsyn til kulturell bakgrunn og tru, til språkbarrierar, og som skapar dialog som er sensitiv til ulike kulturar. Vi må innlemme kulturell sensitivitet i opplæring, sosialpolitikk og helsetilbod.

Vi møter enorme utfordringar i forsøket på å utvikle kulturelt kompetente omsorgstenester i mental helse. Ressursar på dette området er avgrensa; behandlingsskiljet – kor stor del av dei som treng hjelp som står utan behandlingstilbod – er større enn 60 prosent. Psykisk sjukdom og behovet for behandling er størst blant svakarestilte menneske – og det er også desse gruppene som har minst tilgang til helsetenester. Samstundes gjer frykt og stigma at mange unngår å oppsøkje hjelp. Konsekvensane er svært tydelege – uføre, menneskeleg liding, og økonomisk tap.

Det er no vår plikt å trappe opp omsorgstenester for psykisk sjukdom, særskilt blant dei svakarestilte, medan vi samstundes intensiverar arbeidet for å verne menneskerettane til dei det gjeld. Vi må mobilisere politisk vilje og solidaritet i heile det globale helsesamfunnet. På denne verdsdagen for mental helse, lat oss igjen vie oss til denne oppgåva.
 
Ban Ki-moon er FN sin generalsekretær.

Verdas helseorganisasjon (WHO) har oppretta ei ny MIND webside. Du kan vitje denne sida for å lære meir om det arbeidet WHO gjer for å endre livet til menneske med psykiske problem rundt om i verda.