På ”Vienna Climate Change Talks 2007”, ein FN-konferanse om klimaendringar, vart det semje om å danne grunnlag for effektiv internasjonal respons til klimaendringar.
900 delegatar deltok på konferansen, som fungerte som ei førebuing til ein FN-konferanse på Bali, Indonesia, i September. Konferansen på Bali skal forsøke å vidareutvikle nye multilaterale klimaavtalar for perioden etter 2012, når Kyoto-avtalen går ut.
Regjeringsdelegatar i Wien diskuterte også korleis metodar for å minske CO2-utslepp på ein rimelegare måte kan føre til betre internasjonal respons. Ein rapport frå FN sitt klimapanel viser at det er mogeleg å minske CO2-utsleppa på ein kostnadseffektiv måte, og at det er bruk for strategiar som kan leggje til rette for dette både i vesten og i utviklingsland.
Under konferansen vart det vidare offisielt anerkjent at globale utslepp av klimagassar vil nå eit toppunkt i dei neste 10-15 åra, før dei vil reduserast til eit svært lågt nivå. Det vert naudsynt å nå godt under halve 2000-nivået i 2050, dersom ein ynskjer å stabilisere utsleppa på eit trygt nivå.
For å unngå dei mest katastrofale åtvaringane til IPCC, som ekstrem tørke og vassmangel i store delar av verda, må industrilanda sine CO2-utslepp reduserast til 25-40% av utsleppsnivået i 1990.
”Dette møtet er eit fyrste steg, og har danna grunnlaget for Bali-konferansen,” sa Yvo De Boer, FN sin klimasjef. ”Det viser at partane har det naudsynte ambisjonsnivået for å kome vidare i dette arbeidet.”
Les meir om dette her.